Abonner på:
Innlegg
Kommentarer

Administrasjon:
Log in
Skriv et innlegg

http://www.jobbnorge.no/job.aspx?jobid=85379

Universitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet. Vi held til midt i hjartet av Bergen og har røter tilbake til grunnlegginga av Bergens Museum i 1825. Det viktigaste bidraget vårt til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

2 forskarar i digital humanistisk infrastruktur

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig to mellombels 100 % stillingar som forskar i digital humanistisk infrastruktur relatert til språk og litteratur. Stillingane er knytte til prosjekta DASISH, CLARINO, INESS, ELMCIP og META-NORD og til det nasjonale eInfrastrukturinitiativet NorStore (Uninett Sigma). Skilnaden mellom dei to stillingane er følgjande:

 

  1. Den første stillinga varer i tre år og har teknisk koordinering og utforming av infrastruktur i prosjekta som primær oppgåve.
  2. Den andre stillinga har ein tilsetjingsperiode som vert avslutta 30. juni 2013 og har som primær oppgåve å gi organisatorisk og teknisk støtte til infrastrukturaktivitetar i prosjekta.

 

Begge stillingane omfattar hovudsakleg aktivitetar som følgjer:

  • analyse og utforming av arkiveringstenester mht. brukarbehov, teknologi, driftsmodellar, langtidslagring, tilgang, juridiske og etiske aspekt og lisensvilkår
  • utvikling og konstruksjon av webbaserte løysingar med grensesnitt og prosesskjeder for autentisering og autorisering, opplasting og nedlasting av data og metadata, arkivering, dataprosessering, interaktiv tilgang, søk og visualisering
  • dokumentasjon, evaluering, bruksanalyse og opplæring
  • prosjektadministrasjon, formidling, rapportering, organisering av møte og kontakt med partnarar, forskingsmiljø og media.

 

Søkjarar må ha språkrelatert eller informatikkrelatert mastergrad/hovudfag og må ha god kunnskap og røynsle innan handtering av digitale språkdata, tekstressursar og verktøy. Ideelt inneber dette at søkjaren har god kunnskap og praktiske evner innan desse områda:

 

  • metadata og innhausting av og søk etter slike i katalogar
  • språkressursar og tekstkodingsstandardar, -format og -verktøy;
  • webtenester, API-ar, nettverk og prosesskjeder;
  • webløysingar som Apache, Drupal og Sparql;
  • semantiske teknologiar, lenka data og datakategoristandardar;
  • intellektuelle eigedomsrettar, juridiske og etiske aspekt og lisensvilkår.

 

Søkjarar må ha gode organisasjonsevner, ein sterk personlig motivasjon til igangsetjing og gjennomføring av nye prosjekt innanfor digital humanistisk infrastruktur, og gode kommunikasjonseigenskapar i samhandling med mange ulike samarbeidspartnarar og brukargrupper. Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk er eit klart krav, og språkkunnskapar i norsk er ein føremon.

 

Røynsle med teknisk koordinering av store infrastrukturprosjekt er spesielt relevant for den treårige stillinga.

 

Vi kan tilby

Løn etter lønssteg 47–59 (kode 1108/LR 25, for tida kr 396 900–485 400) i statens lønsregulativ, etter tenesteansiennitet. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagd medlemskap i Statens pensjonskasse. Kvalifiserte søkjarar med doktorgrad kan verte tilsett som forskar kode 1109 med løn etter lønssteg 57–65 (kode 1109/LR24, for tida 468 400–542 900).

 

For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

 

Andre opplysningar

Søkjarar som vil ha informasjon om denne stillinga, m.a. detaljar om fagfeltet, ansvarsområde, spesifikke oppgåver, prosjektomtalar og andre forhold som kan vere viktige i samband med denne stillinga, kan vende seg til professor Koenraad De Smedt via e-post til desmedt@uib.no eller telefon til +47 55 58 20 52.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at ho/han kan ha kontorplass og delta i den daglege verksemda ved instituttet. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Slik søkjer du på stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

 

Følgjande informasjon må leggjast ved i pdf-format (bruk vedleggsfunksjonen):

  1. Søknadsbrev med detaljar om røynsle og interesser. Brevet må angi om søknaden gjeld begge stillingane eller berre ei spesifisert stilling.
  2. Alle vitnemål frå universitet/høgskole (skanna versjon)
  3. Liste over særs viktige vitskaplege arbeid eller prosjektresultat med lenkjer (eller vedlagde pdf-ar). Søkjarar vert bedne om å oppgje kva publikasjonar, delar, eller prosjektresultat (ikkje fleire enn 5), som skal vektleggjast i vurderinga av søknaden.
  4. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar.

 

 

Søknadsfrist: 2. september 2012

 

Søknaden skal merkjast: 12/8532

Kommentarer er lukket.